95 prosent av lærerne i grunnskolen har godkjent pedagogisk utdanning i 2014.

Regelverk, tilskott og tilsyn/Faste oppgaver/Del III

SAMSPILL=
UTVIKLING

Faste oppgaver 3

Regelverk, tilskott og tilsyn

Regelverk i praksis og RefLex skal føre til ein enklare kvardag for dei som leier skolen og bidra til å sikre elevane si læring og trivsel.

Faste oppgaver

Under «Faste oppgaver» beskriver vi hvordan vi har prioritert og løst oppgavene som Kunnskapsdepartementet ga oss i Tildelingsbrevet 2014. Vi gir våre anbefalinger og vurderinger til departementet.

Regelverk

Ei trygg og likeverdig opplæring av høg kvalitet

Formålet med regelverket er å ha felles minimumsrammer for alle som tek imot opplæring, og alle som driv med opplæring. Alle skal bli møtt på ein god måte og bli inkluderte. Alle skal få utfordringar og ha noko å strekkje seg etter, og alle skal føle seg trygge. Å forstå og etterleve regelverket handlar ikkje om lydnad eller om byråkrati. Det handlar om å finne gode løysingar og utvikle gode tilbod innafor dei rammene som fellesskapet har sett opp.

Regelverket er det viktigaste styringsverkemidlet i utdanningssektoren. Vi har solid dokumentasjon på at implementering av regelverket er utfordrande. Resultat frå tilsyn viser at barnehageeigarar og skoleeigarar framleis i for liten grad etterlever krava i barnehagelova, opplæringslova og privatskolelova. Dette kan komme av manglande kompetanse, kapasitet og motivasjon hos eigarane.

Manglande etterleving av regelverket gir svakare kvalitetsutvikling i skolen, svekkjer rettstryggleiken, er i strid med prinsippet om likebehandling og aukar risikoen for vilkårleg behandling av elevane.

I 2014 er prosjektet Regelverk i praksis etablert

Prosjektet har som mål å styrkje Utdanningsdirektoratets og fylkesmennenes føresetnader til å bidra til elevane si læring og trivsel. Prosjektet er praktisk retta, og tek utgangspunkt i korleis staten på ein betre måte kan bidra til at lokale eigarar og leiarar i opplæringssektoren forstår og handlar i tråd med regelverket. Prosjektet skal mobilisere og motivere skoleeigarar og skoleleiarar til å følgje, forstå og etterleve regelverket.

Vi forsterkar innsatsen på fleire område. I første fase har vi prioritert fem regelverksområde i opplæringslova:

  1. Vurdering og lokalt arbeid med læreplanar
  2. Skolemiljø
  3. Tilpassa opplæring og tidleg innsats
  4. Ordensreglement
  5. Krava til vitnemål

Vi har òg valt ut fire gjennomgåande tema som skal vere ein del av arbeidet med alle regelverksområda: formålsparagrafen, forvaltningsmessige aspekt, elev- og foreldremedverknad og i tillegg leiings- og organisasjonsutvikling.

Områda er valde ut etter omfattande dialog med skoleeigarar, rektorar, lærarar, foreldreutvalet (FUG), embeta og departementet. Det var stor semje om områda og tema som vart valde.

Regelverk i praksis skal gi oss innsikt i korleis vi best kommuniserer med sektoren om regelverket, og kva for metodar for implementering som verkar best. Det skal føre til ein enklare kvardag for dei som leier og styrer skolen, fordi det skal bli lettare å innrette seg etter dei spelereglane som Stortinget har bestemt for skolen.

Prosjektet består av fleire delprosjekt og involverer medarbeidarar både i direktoratet og hos fylkesmannen. Lærarar, rektorar og foreldre deltek også i ulike roller. Vi prøver ut nye arbeidsmetodar og formidlingsmåtar. Stikkord er kompetanseheving, nettverk og utvikling av ekspertrolla. Det er Udir som eig og styrer prosjektet, og det er utdanningsdirektøren i Sør-Trøndelag som leier det. I løpet av 2014 er det sett i gang prosjekt i Hedmark, Nord-Trøndelag, Nordland og Østfold, og alle utdanningsdirektørane er involverte. Prosjekt og linje arbeider tett saman, slik at vi kan setje i gang gode forslag til forbetringar undervegs.

Vi forventar at effekten av Regelverk i praksis fører til at alle aktørane i opplæringssektoren ser regelverk og kvalitetsutvikling i samanhang, og at det aukar forståing av formålet med regelverket og betre implementering. Det skal vere ei betre kopling mellom lokale behov og nasjonal styring.

Resultat frå arbeidet med regelverksimplementering

Vi har indikasjonar på at regelverket blir forstått betre, og at etterlevinga er betre i 2014.

Det er avdekt færre brot på regelverket i oppfølgingstilsyna i det nasjonale tilsynet med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø, enn ved ordinære tilsyn med same tema. Dette viser at tilsyna har hatt effekt på regelverksetterleving på dei skolane som har hatt tilsyn.

Tilsyn fører til endring hos dei private skolane

Generelt ser vi at tilsyn fører til endring hos dei private skolane. Vi ser at dei fleste skolane set i verk tiltak for å rette opp eigen praksis etter å ha fått ein førebels tilsynsrapport. Fleire skolar begynner på dette arbeidet allereie når dei får varsel om tilsyn.

For enkelte tema ser vi at skolar som har hatt tilsyn, korrigerer praksisen også for dei tilfella som oppstår etter at tilsynet er avslutta. Eksempel på dette er tilsyna som vurderer gjennomføringa av nasjonale prøver og gjennomføringa av elevundersøkinga.

I årsrekneskapstilsyna ser vi ein markant nedgang i talet på skolar med feil i notekrava sett i høve til tidlegare år. Vi meiner reduksjonen kjem av at vi tidlegare i år sende ut ein mal for føring av notekrav til alle dei private skolane. Notane gir tilleggsinformasjon til årsrekneskapen, slik at lesaren får ei betre forståing av dei ulike delane av rekneskapen. Både av omsyn til den offentlege innsynsretten i rekneskapen til dei private skolane, og til Utdanningsdirektoratets kontrollmoglegheiter, er det viktig at notekrava blir førte korrekt.

Å tolke lova

Udir er delegert oppgåva med å tolke barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova, folkehøgskolelova og vaksenopplæringslova kapittel 4 med tilhøyrande forskrifter når det er behov for avklaring på nasjonalt nivå.

Informasjonstiltak

I 2014 har vi informert sektoren om regelverksendringar og publisert tolkingsfråsegner på udir.no. Vi har også informert om regelverket på ei rad konferansar. Vi har bl.a. arrangert to nasjonale samlingar om realkompetansevurdering i vidaregåande opplæring og i grunnskolen.

For å auke etterlevinga av regelverket har vi prioritert å utarbeide ei ny side om regelverket på udir.no. Formålet har vore å gjere det enklare å finne frem til relevant informasjon. Vi har òg rydda i det aller meste av regelverksinformasjonen, oppdatert rundskriv og skrive om tekstar i eit enklare språk. Vi har teke i bruk nye former for formidling, f.eks. nettsida om Tidlig innsats, og vi har utarbeidd malar for ulike typar enkeltvedtak. 2/3 av brukarane av udir.no seier at dei finn det dei leiter etter, og at dei er mest fornøgde med malar, rundskriv og rettleiingar. Skoleeigarane finn lettast fram, mens lærarane synest det er noko vanskelegare. Sida om Tidlig innsats får også gode tilbakemeldingar og er godt besøkt.

Også i 2014 legg vi vekt på at foreldra får god informasjon, spesielt gjennom ein eigen brosjyre om spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Brosjyren er omsett til mange språk. Udir har også oppdatert materiell som har vore publisert tidlegare. Vi opplever ein relativt stor etterspurnad etter materiell retta mot foreldre.

Embeta har ei nøkkelrolle

Erfaringar frå land som lykkast med implementering av nasjonale mål for utdanningssektoren, viser at kapasitetsbygging lokalt er eit viktig verkemiddel. Dei juridiske ressursane i kommunane og fylkeskommunane er ofte avgrensa på utdanningsområdet, og vi er derfor spesielt avhengige av høg regelverkskompetanse hos fylkesmannsembeta. Det er rom for å styrkje embeta sin kompetanse på opplæringslova, barnehagelova og privatskolelova. Vi har tidlegare gjennomført regelverkssamlingar med fylkesmennene der vi har teke opp tema som vi meiner er aktuelle. Denne forma for å auke kompetanse har truleg ikkje vore tilstrekkeleg. Det er framleis for stor variasjon mellom embeta når det gjeld regelverkskompetanse på våre område.

Derfor endra vi i 2013 tilnærminga på kapasitetsbygginga. Opplæringa er no meir styrt av embeta sine behov og har ei meir tverrfagleg vinkling. Vi samarbeider mykje tettare med fylkesmennene, og tilbakemeldingane frå dei som har delteke på temasamlingane, har vore gode også i 2014.

Klagar på det psykososiale skolemiljøet

Vi ser at talet på klagesaker i grunnskolen til fleire av fylkesmannsembeta på kapittel 9a i opplæringslova har auka ytterlegare. Dette meiner vi ikkje er eit resultat av dårlegare etterleving av regelverket, men truleg eit resultat av det felles nasjonale tilsynet som hadde psykososialt miljø som tema, der det bl.a. vart sett på enkeltvedtak. Det er likevel urovekkjande at embeta ikkje har fått klagar på det psykososiale skolemiljøet frå elevar i vidaregåande skolar. Vi bør derfor vurdere å sjå nærmare på kvifor det over tid har vore svært få klagesaker på dette området. Udir har i 2014 jobba for å sikre ei meir einsarta klagebehandling i embeta. Det er bl.a. utarbeidd instruks til embeta for behandling av klagar på det psykososiale skolemiljøet og mal for enkeltvedtak i klagesaker. I instruksen er bl.a. barnets rett til å bli høyrt og oppfølging av saker i etterkant av klagebehandlinga vektlagde.

Regelverket på barnehagefeltet

I løpet av 2014 har vi gjort greie for korleis ein skal forstå barnehagelova og tilhøyrande regelverk. Vi publiserer prinsipielle tolkingsfråsegner som er av interesse for fleire på udir.no, sorterte etter tema og dato. Fylkesmennene bruker tolkingsfråsegnene våre hyppig i sitt arbeid på barnehagefeltet.

Kompetanseheving av fylkesmannsembeta på barnehageregelverket

Vi har hatt regelverkssamling for fylkesmennene om blant anna desse tema:

  • Ikkje-kommunale barnehagar sin bruk av tilskott, økonomiforskrifta og økonomiske reaksjonar
  • Kommunen sitt rettleiings- og tilsynsansvar
  • Kommunen som godkjenningsmyndigheit

I tillegg har vi gjort greie for og drøfta juridiske problemstillingar med embeta på andre samlingar og møte.

Vi meiner at fylkesmennene har bra kjennskap til innhaldet i regelverket, men at forståinga av regelverket kan variere. Hovudvekta av spørsmåla vi får, gjeld tildelinga av tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Det kjem blant anna av at forskrift om tilskott til barnehagar er krevjande å forstå. Vi opplever likevel at behovet for rettleiing og avklaringar har gått ned i år også. Det meiner vi kjem av at mange problemstillingar er avklarte, og at kommunane har fått erfaring med å bruke regelverket.

Tilskott

Frå og med 1. januar 2015 blir tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar berekna ut frå kommunen sine to år gamle rekneskap. Forskrift om tilskott til barnehagar er derfor endra. På bakgrunn av dette og for å gjøre regelverket lettare å praktisere for fylkesmenn, kommunar og barnehagar har vi revidert rundskriv Udir-6-2014, og utarbeidd eit nytt rundskriv, Udir-7-2014. Sjå vedlegg.

Fylkesmennene, KS og PBL har vore involverte i prosessen med forskriftsendringane undervegs. Faggruppa for likeverdig behandling har også medverka i utforminga av rundskrivet.

Vi har utarbeidd rettleiingsmateriell til embeta som gjer greie for forskriftsendringane og etterjusteringa som skal gjerast i 2015 for tilskottsåret 2014. Vi har per i dag inntrykk av at regelverksendringa er godt motteken av sektoren, og at ein del av problema knytte til tilhøvet mellom kommunens budsjett og rekneskap blir løyst ved berre å bruke rekneskap som berekningsgrunnlag.

Finansieringsordning

Vi har i oppdragsbrev, 23-13 og 19-14, fått i oppdrag å utarbeide forslag til revidert forskrift om tilskott til ikkje-kommunale barnehagar og å greie ut ein finansieringsmodell som baserer seg på nasjonale, gjennomsnittlege utgifter i kommunale barnehagar med høve til lokal justering. Formålet er blant anna å auke det føreseielege i finansieringa i dei ikkje-kommunale barnehagane, og å redusere den administrative byrda.

På bakgrunn av desse oppdragsbreva har vi sett i gang eit omfattande arbeid med å gå gjennom finansieringsordninga til dei ikkje-kommunale barnehagane. Vi har involvert fylkesmennene, KS og PBL i denne prosessen.

Forskrift om politiattest

I oppdragsbrev 23-14 går det fram at direktoratet skal revidere forskrift om politiattest etter barnehagelova frå 16. desember 2005 nr. 1509. Formålet med revideringa er å harmonisere forskrifta med endringar i barnehagelova § 19, ny politiregisterlov og ny straffelov. Vi har sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta, og vi har bedt embeta, KS og PBL om innspel.

Private skolar

Samanhengande forvaltningssystem for godkjenning, tilskottsutbetaling og tilsyn

Sidan 2009 har Udir arbeidd målretta med å gjennomføre eit kvalitetsutviklingsprogram for å leggje om godkjenninga av private skolar, tilskottsforvaltninga og tilsynet frå manuelle rutinar til ei elektronisk forvaltningsløysing. Løysinga er sett stegvis i drift og omfattar no godkjenningsprosessen, tilskottsforvaltninga og tilsyn etter privatskolelova og folkehøgskolelova. Det er også utvikla sjølvbeteningsløysingar som blant anna omfattar søknadsprosessen for private skolar, elevteljingar og godkjenning av desse, og i tillegg oversikter over kva den enkelte tilskottsmottakaren får utbetalt av ulike tilskott. For 2015 vil løysinga også innehalde sjølvbeteningsløysingar i samband med tilsynsoppgåver.

Formålet med tiltaket er bl.a. å

  • profesjonalisere forvaltninga innafor regelverk og finansiering
  • betre kvalitet og effektivitet på godkjenningar, evalueringar og tilsyn
  • gjere søknadsprosessen for godkjenningar og endringar enklare, sikrare og raskare
  • redusere risikoen i berekningar og utbetalingar
  • betre det sporbare frå godkjenningar, grunnlagsdata (for eksempel elevdata) til utbetalingar og grunnlaget for tilsynsaktivitetar
  • heve servicenivået i forvaltninga overfor søkjarar, tilskottsmottakarar, tilsynsobjekt og andre interessentar
  • kunne måle resultat og effektar av tilskott på ein betre måte

Private skolar

Udir er delegert oppgåva med saksbehandling av søknader om godkjenning av nye skolar og driftsendringar etter privatskolelova, opplæringslova §§ 2-12 og 3-11 og vaksenopplæringslova kap. 4.

Som i 2013 har svært mange søknader vore mangelfulle, og vi har innhenta supplerande informasjon frå søkjarane. Dette krev ressursar frå vår side, og det påverkar saksbehandlingstida. Søknader som vi har motteke før 1. april 2013, er med få unntak behandla før 1. april 2014. Hausten 2014 er det behandla rundt 10 søknader etter privatskolelova som kom innan 1. april 2014.

Stortinget gjorde våren 2014 eit vedtak om ei dispensasjonsføresegn i privatskolelova som skulle gjelde frå 1. juli 2014. Dette førte til at det vart fastsett ein ny søknadsfrist, 1. august.

I 2014 har vi

  • fått 51 søknader om etablering av nye skolar etter privatskolelova – dette er på same nivå som i 2013
  • gitt godkjenning for 21 grunnskolar og seks vidaregåande skolar
  • avslått 24 søknader om å opprette nye skolar
  • behandla i overkant av over 40 søknader om driftsendringar - endringar i læreplanar, elevtal, driftsløyver, dispensasjonar og skolepengar
  • fått 34 klagar på vedtak etter privatskolelova - nokre har ført til endra vedtak, og nokre er sende over til KD for klagebehandling
  • fått to søknader etter vaksenopplæringslova, og begge var søknader om oppretting av ny skole under kap. 4 Diverse skolar. Vi har ikkje godkjent nye skolar etter kapittel 4 i 2014
  • fått 22 søknader om dispensasjon etter «20-dagarsregelen». Søknadene omfatta totalt 53 elevar
  • godkjent ein skole etter § 2-12 i opplæringslova

I samband med departementet sitt arbeidet med ny friskolelov har Utdanningsdirektoratet teke del i prosessen.

Godkjenning av yrkeskvalifikasjonar

I 2014 har vi behandla 746 søknader om godkjenning som lærar, styrar og pedagogisk leiar frå utlandet. Av desse vart 73 prosent godkjende. Vår gjennomsnittlege saksbehandlingstid har vore 42 dagar, noko som er godt innafor vår frist på fire månader. Frå 2013 til 2014 har det vore ein auke i talet på innkomne søknader på ca. 10 prosent.

Tilsyn

Vi har ei meir heilskapleg tilnærming til korleis Fylkesmannen innrettar tilsynet

I 2014 har vi sett i gang felles nasjonalt tilsyn med temaet: Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Vi har også hatt fokus på utviklinga av Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Metodehandboka, som vart ferdig i 2013, har medverka til ei styring av Fylkesmannen som i større grad tek omsyn til risikoen i sektoren, og til ressurs- og kompetansesituasjonen i dei ulike embeta.

I Udir meiner vi at vi har oppnådd ei meir heilskapleg tilnærming til tilsynsaktivitetane. Metodehandboka for tilsyn fører til ein meir lik praksis for risikovurderingar før tilsyn, og synleggjer når tilsyn er eit formålstenleg verkemiddel.

Vi har jobba med Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit

På barnehageområdet er det ikkje sett krav til tema for tilsyn, men tilsyna skal vere baserte på risikovurderingar. Våre vurderingar av Fylkesmannen sitt tilsyn blir tilgjengelege i løpet av våren 2015.

Hovudsatsinga for Fylkesmannens tilsyn på barnehageområdet i 2014 har vore å innarbeide tilsynsmetoden. Det har framleis høg prioritet å sikre likebehandling i tilsyna. Vår erfaring er at vi oppnår større likebehandling både gjennom felles metode for tilsyn og ved å sikre ei felles lovforståing for dei pliktene kommunen har som barnehagemyndigheit. Vi ser at felles arbeidsdokument for konkrete tilsynsområde, ei metodehandbok for tilsyn saman med kursverksemd for tilsette hos Fylkesmannen, fører til ein meir lik praksis i tilsynsarbeidet hos dei ulike embeta. Fylkesmannsembeta gir også tilbakemelding på at dei opplever denne arbeidsforma som konstruktiv og nyttig.

Vi vurderer at vi er nærmare målet om likebehandling embeta imellom, men det er framleis ein veg å gå. Udir vil fortsetje dette arbeidet i 2015.

Fylkesmannens tilsyn med offentlege skolar – 50/50 nasjonale og eigeninitierte tilsyn

I 2014 har Udir stilt krav om at halvparten av tilsyna skal vere felles nasjonale og halvparten skal vere eigeniniterte. Denne prioriteringa er gjort for å gi embeta eit større lokalt handlingsrom. Direktoratet vurderer denne fordelinga som formålstenleg. Vi vurderer samtidig at talet på felles nasjonale tilsyn ikkje kan reduserast ytterlegare av omsyn til omfang og kompetanse.

Felles nasjonalt tilsyn: kontroll + læring = sant

I embetsoppdraget for 2014 er det krav om at fylkesmennene skal gjennomføre 115 felles nasjonale tilsyn med dette temaet: Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Talet er lågare enn det talet på tilsyn som vart gjennomført i 2013. Vi har gjort ei bevisst prioritering ved å senke krava til aktivitet for å skape rom for læring i tilsynet. Felles nasjonalt tilsyn er meir ressurskrevjande å gjennomføre ved at det inkluderer rettleiingsaktivitetar. Det krev også ein del ressursar frå embeta til å gjere seg kjent med eit nytt tilsynstema.

I samband med tilsynssatsinga tilbyr Fylkesmannen verktøy for kommunar og fylkeskommunar, slik at dei kan gjere eigenvurderingar av regelverksetterlevinga - uavhengig av om dei får tilsyn eller ikkje. I denne samanheng er det publisert ein eigen rettleiar som omhandlar tema som skal kontrollerast i tilsynet. I tillegg har vi utvikla spørjeskjema (med rettleiing) til elevar og foreldre på dei skolane der det skal gjennomførast tilsyn. Vidare har fylkesmennene hatt rettleiingssamlingar for skoleeigarar og skoleleiarar. Fylkesmennene har i løpet av hausten 2014 gjennomført dei første tilsyna. Våre vurderingar av desse tilsyna vil vere tilgjengelege i løpet av våren 2015.

RefLex – eit nettbasert eigenvurderingsverktøy for regeletterleving

Udir har utvikla eit frivillig nettbasert verktøy som gir skolar og skoleeigarar hjelp til å vurdere eigen praksis opp mot regelverket. Verktøyet blir lansert i januar 2015 og vil i første omgang innehalde tema frå Felles nasjonalt tilsyn 2014-17. Vi legg inn fleire tema etter kvart.

RefLex gir ein nytteverdi for skolar og skoleeigarar ved at

  • verktøyet gir den enkelte skolen (skoleleiarar og lærarar) oversikt over kva for reglar som gjeld for skolen, og eit grunnlag for å reflektere over eigen praksis.
  • det gir skoleeigaren oversikt over korleis skolane vurderer eigen praksis i høve til regelverket.
  • skoleeigaren kan bruke det til å samanlikne skolane for å sjå kva for skolar og tema som treng ekstra oppfølging.
  • skoleeigaren kan bruke det til å sende inn dokumentasjon på ein effektiv måte når Fylkesmannen har opna tilsyn med ein skole.

Eigeninitierte tilsyn - lokale tilsynsprioriteringar ut frå lokale risikovurderingar

I 2014 inneheld aktivitetskrava at det skal gjennomførast 136 eigeninitierte tilsyn. Tilsyna fordeler seg på ca. 20 ulike tema. Flest tilsyn omhandlar skolens arbeid med det psykososiale miljøet til elevane. Våre vurderingar av resultat og funn frå desse tilsyna vil også vere tilgjengelege i løpet av våren 2015.

Udir sitt tilsyn med private skolar er basert på risikovurderingar

I 2014 fokuserer Udir på systematiske og heilskaplege risikovurderingar av dei private skolane. Arbeidet har gjort at vi i våre risikovurderingar bruker informasjon frå sektoromspennande kjelder (GSI, Basil, PAS, elevundersøkinga osv.) og frå enkeltståande kjelder (meldingar frå elevar, foreldre og andre kjelder knytte til skolen, meldingar frå Fylkesmannen, fylkeskommunen og andre offentlege etatar og frå medieoppslag). Vi vurderer at vår systematiske og heilskaplege bruk av denne sektorkunnskapen har gitt oss meir treffsikre tilsyn.

Målet er å auke læringseffekten av tilsyn

Det er eit mål for direktoratet å auke læringseffekten av tilsyn, ikkje berre for skolane som får tilsyn, men også for andre private skolar. I 2014 har vi jobba med fleire tiltak for at tilsyna i større grad bidreg til at regelverket blir forstått og etterlevd. Mange av tiltaka inneber ei tettare kopling mellom tilsyn og rettleiing.

I det felles nasjonale tilsynet har vi gjennomført rettleiingssamlingar for alle privatskolane med gjennomgang av tema for tilsynet. Det er også sendt ut rettleiingsmateriell og eigenvurderingsskjema. Dette gir skoleeigarar og skolar informasjon om regelverket, moglegheit til å vurdere eigen regeletterleving og gjere endringar før skolen eventuelt blir vald ut for tilsyn. Tilbakemeldinga frå deltakarar på samlinga og respons på rettleiingsmateriellet har vore veldig positiv.

Vi har rettleidd med utgangspunkt i funn frå tilsyna

Vi har også sett i gang rettleiingstiltak for å betre privatskolane si etterleving av regelverket på område der tidlegare tilsyn viser mange lovbrot. Vi har blant anna utarbeidd rettleiingsmateriell med utgangspunkt i funn frå tilsyna, og teke opp tema med mangelfull regelverksetterleving på samlingar for private skolar og fylkesmennene. Dei private skolane har gitt tilbakemelding om at dei opplever formidlinga av tilsynsresultata som nyttig.

Brukarvennleg struktur på udir.no

Vi er i ferd med å strukturere, oppdatere og utvikle udir.no til å bli ein nettstad der skoleeigarar, skoletilsette, foreldre, elevar og andre kan finne relevant informasjon om tilsyn. Ved å publisere tilsynsrapportar og funn frå tilsyn bidreg vi til meir offentleg innsyn. Vi ønskjer også å formidle tilsynsresultata til skolar og skoleeigarar på ein måte som gir dei konkret informasjon om korleis ein skal forstå regelverket. Udir ser at elevar og foreldre i større grad kan bidra som pådrivarar for regeletterleving. Ei slik pådrivarrolle føreset at elevar og foreldre har informasjon om rettane til elevane, og kva for plikter som kviler på dei private skoleeigarane.

Tema for privatskoletilsyn i 2014

Vi har ført tilsyn med 80 private skolar og gjennomført kontroll av årsrekneskapen for 306 private skolar i 2014. Både tema og skolar for tilsyna er valde på grunnlag av risikovurderingar, og tilsyna omfattar desse tema:

  • Skolens bruk av statstilskott og skolepengar
  • Skolens arbeid med elevane sitt psykososiale miljø
  • Spesialundervisning
  • Skolens forvaltningskompetanse
  • Gjennomføring av Elevundersøkinga
  • Godkjenning av skoleanlegg
  • Styret
  • Gjennomføring av nasjonale prøver
  • Ordensreglement og bruk av disiplinærtiltak
  • Kompetanse hos undervisningspersonalet

Vårt tilsyn med folkehøgskolar

Utdanningsdirektoratet har ikkje gjennomført tilsyn med folkehøgskolar i 2014.

Tilskottsforvaltning

Udir er blant landets største tilskottsforvaltarar, og regelverket set krav til effektiv og korrekt forvaltning.

Målet med tilskott er å skape læringsresultat i samsvar med sektormåla der ein ikkje kan forvente at dette blir realisert utan tilskottet. Bruk av statlege tilskott er aukande, og innafor utdanningsfeltet har tilskotta auka både i talet på ordningar og i omfanget av den einskilde ordninga. Vår portefølje har i perioden 2011 til 2014 hatt ein auke i tildelinga på om lag 28 prosent, og utgjer om lag 6,3 mrd. kroner1 i 2014. Storleiken på tilskotta og bidraga til mangfaldet i opplæringa med omsyn til livssyn, pedagogikk og sikring av rettar for utsette grupper, tilseier at vi må ha godt oversyn over bruken av ordningane, av effektiviteten og av dei måla ein skal nå.

16,3 mrd. kroner er regnskapet 2014 på alle tilskuddsordninger som Udir har fått delegert forvaltningsansvaret for i tildelingsbrevet.

I dette arbeidet har vi i 2014 særleg valt å prioritere følgjande område:

  • Heilskapleg elektronisk forvaltningsløysning
  • Tilskottsindikatorar
  • Visualisere og formidle tilskottsdata

Følgjande hovudgrupper har fått tilskott i 2014NOK I HELE 1000

Elektronisk forvaltning av tilskottsporteføljen

Arbeidet med elektronisk forvaltning er vidareført i 2014. Vi har lagt særskilt vekt på å vidareutvikle sjølvbeteningsløysingar for tilskottsmottakarar både med omsyn til elevteljing, søknader og rapporteringar. Rapporteringsportalen for dei ordningane som Fylkesmannen forvaltar, er også vidareutvikla. Alle tilskottsmidlar er samla i ein felles database, og vi kan «følgje» alle midlane fram til tilskottsmottakaren. Vi får eit betre faktagrunnlag og kan lettare spore og kontrollere at tilskott er gitt i samsvar med godkjenningar og lovverk.

Vi har også utarbeidd ei teneste som illustrerer kva for aktørgrupper som får tilskott, kva for tilskottsordningar dei høyrer til, kor mykje dei får i tilskott, kvar dei held til, og kor mange skolar og elevar tilskotta betener. Tenesta vil bli lansert i løpet av første halvår i 2015, og ho er ein del av den meiroffentlegheita vi praktiserer.

Tilskottsindikatorar

Arbeidet med indikatorane er vidareført i 2014. Metoden er nytta på tre ordningar. Dette har gitt oss god innsikt i bruk av metoden og god kunnskap om styringseffektiviteten i dei ordningane der vi har laga indikatorar.

Vi har delt porteføljen av tilskottsordningar inn i tre grupper etter kor godt vi kan klassifisere dei i høve til risikofaktorane måle- og kontrollproblem, ekstern konkurranse og insentivrisiko.

Inndeling av tilskottsporteføljen

I metoden som er utvikla i samband med tilskottsindikatorar, har vi valt å operere med fire kategoriar som kan nyttast for å kategorisere dei ulike ordningane. Desse fire kategoriane omtaler vi som måleindikatorar, intern kontroll, ekstern marknadskontroll og insentivproblem. Vi har nytta metoden til å dele ordningane inn i ulike risikogrupper, alt etter korleis vi vurderer ordningane i høve til kategoriane. Vi har klassifisert 34 av til saman 45 hovudgrupper av tilskottsordningar. I 2014 var det samla tilskottet på 6,3386 milliardar kroner. Ordningane (11) som ikkje er klassifiserte, utgjer 6 prosent av det samla tilskottet og er anten nye eller av ein slik karakter at det ikkje er naturleg å klassifisere dei (til dømes Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereformen).

Fordelinga mellom dei tre klassane og dei ordningane som ikkje er klassifiserte

Strategi for forvaltning av tilskott

I 2014 har vi utarbeidd ein strategi for forvaltning av tilskott. Målet er at strategien skal gi den enkelte tilskottsforvaltar eit sett med haldningar, kompetanse og praktiske rutinar. Innføringa av strategien er eit langsiktig arbeid der ulike tiltak blir prioriterte årleg framover. I korte trekk handlar strategien om følgjande:

  • Ei god statleg forvaltning krev forvaltarar med høg fagleg kompetanse, og som i tillegg tek vare på dei etiske sidene. Tilskottsforvaltning er eit eige fagfelt som krev meir enn kunnskap innafor det faglege innhaldet som tilskott skal bidra til å styrkje.
  • God forvaltning handlar om profesjonell kompetanse som bidreg til at forvaltninga blir oppfatta som rett og rimeleg. Ho bidreg òg til å nå dei politiske måla som ligg i dei ulike ordningane.
  • Forvaltninga må ha gode rutinar, reglar og retningsliner som hjelper mottakarane til å nå dei måla som er sette, på ein effektiv måte.
  • På sitt beste er den statlege tilskottsforvaltninga med på å styrkje kvaliteten og mangfaldet i opplæringa. Målet er å leggje best mogleg til rette for å gjennomføre det Stortinget har vedteke.

Direktoratets tilskottsforvaltning

Alle tilskottsordningane for barnehagesektoren, skolesektoren og andre ordningar blir omtalte i direktoratets årlege rapport om tilskottskontroll. Forvaltninga av tilskottsordningane er delt mellom Udir og fylkesmennene.

Tabellen over vise ei samanfatning av hovudgrupper av tilskottsmottakarar, og kor mykje dei fekk i tilskott i 2014.

For ytterlegare informasjon om tilskottforvaltninga viser vi til Rapport om Tilskuddskontroll for 2014, som er sende departementet i eige brev 28.02.2015.

  • Ordningar i klasse 1 er kjenneteikna av at det eksisterer mykje relevant informasjon som kan gi eit godt bilete av om tilskottet kjem målgruppa til gode. Ordningane blir utsett for jamleg kontrollhandlingar i forbindelse med saksbehandling og andre oppfølgingar. For mange av ordningane i denne klassen har vi klare sanksjonsmoglegheiter.
  • Ordningar i klasse 2 har eit meir usikkert informasjonsgrunnlag, men omfanget av incentivproblem er vurdert som minimale og/eller at tilskottsmidlane er forholdsvis små. Ordningar innanfor denne klassen bør følgjast opp med stikkprøvar for seinare å vurdere om det er behov for fleire kontrollhandlingar eller evaluering.
  • Ordningane i klasse 3 er kjenneteikna av store måleproblem, få kontrollmekanismar og risiko for at tilskottane ikkje blir brukt etter formålet og kjem målgruppa til gode. Ordningar i denne klassen har behov for forsterka/økt transparens og kontroll for å sikre at ordningane blir forvalta i tråd med intensjonen.

Samla sett ser vi at ordningane i klasse 1 og 2 utgjer til saman 91 prosent av tilskottsmidlane. Ut frå vår kjennskap til ordningane som fell innafor desse to klassane, kan vi seie at styringseffektiviteten er god. Tilskottsordningane i klasse 3 vil vi gjennomføre stikkprøvekontrollar på for sjå om det er tiltak vi kan gjere for å få betre kunnskap om dei. I vedlegget om tilskottskontrollen er det gjort greie for kva for ordningar som er i dei ulike klassane.

Evalueringar

Vi har ikkje fått i oppdrag frå KD å gjennomføre evalueringar i 2014. Vi har brukt dei tilgjengelege ressursane våre i arbeidet med etablering og bruk av tilskottsindikatorar.

Nye ordningar

Vi har fått forvaltningsansvaret for to nye tilskottsordningar i 2014.

  • Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar
  • Kapitaltilskott til friskolar, kapital og husleigetilskott.

Ordningar som går ut

For private grunnskolar i Noreg og utlandet er tilskottet til gratis frukt og grønt og tilskottet til kulturskoletimen avvikla frå hausten 2014.

Ordningane Tilskott til studieopphald i utlandet og Tilskudd til internasjonale utdanningsprogram er frå 1.1.2015 overførte til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Fylkesmennenes tilskottsforvaltning

Udir har delegert ansvaret for forvaltninga av nokre av tilskottsordningane til fylkesmennene. Dette gjeld landsomfattande ordningar, for eksempel opplæring i kriminalomsorga, og samisk i grunnopplæringa som nokre få fylkesmenn forvaltar. Det gjeld også ordningar som alle fylkesmennene har, for eksempel leirskoleopplæring og opplæring av barn og unge asylsøkjarar.

I 2013 vart det sett i drift ein elektronisk tertialportal for rapportering av tilskottsforvaltning og økonomi. Fylkesmennene skal rapportere mål, tildelingskriterium og kontrollhandlingar på alle tilskottsordningane dei forvaltar. I tillegg rapporterer dei elektronisk på forbruk og prognosar på alle ordningar og prosjekt dei forvaltar. Portalen er godt motteken hos embeta og har letta arbeidet både hos dei og i direktoratet.

Utdanningsdirektoratet meiner at forvaltninga av tilskottsordningane ut hos embeta er god. For ytterlegare informasjon vise vi til Rapport om tilskuddskontroll for 2014.

Rettferdsvederlag

Direktoratet behandlar søknadar om rettferdsvederlag som gjeld grunnopplæringa, og utarbeider innstilling til vedtak. Endeleg vedtak blir gjort av Stortingets rettferdsvederlagsutval.

Sjå tabellen over:

  • Det totale talet på utsende fråsegner i 2014 er noko høgare enn året før.
  • Talet på fråsegner i ordinære skolesaker er noko høgare enn året før. Ordinære skolesaker gjeld mellom anna mangelfull skolegang, manglande varsling om forhold heime og manglande inngrep mot mobbing. Saksbehandlinga inneber eit omfattande arbeid.
  • Talet på fråsegner i dei andre saksgruppene ligg stabilt, og utgjer no ein svært liten del av fråsegnene.

Talet på innkomne søknader er 255, noko lågare enn året før. Den totale restansen var ved årsskiftet 207 saker. Udir har som mål at den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for søknader om rettferdsvederlag ikkje skal overskride tolv månader. Dette målet er nådd.

Utgiver
Utdanningsdirektoratet

Ansvarlig redaktør
Helge Lund

Foto
Getty Images

Design, redaksjonell rådgivning og utvikling
Dinamo

Redaksjonen
Doris Amland (redaktør)
Angela Kreher
Anne Hauglid
Anne Kristine Larsen
Hallvard Thorsen
Line Mork
Marit Helen Bakken 
Marit Solvoll
Morten Haug Frøyen